Web Analytics Made Easy - StatCounter

Kunstnaren Guttorm Osnes

Guttorm Osnes besøkte Ulstein Rotaryklubb, og holdt et svært interessant foredrag om sin kunstutdanning og karriere. Vi ble alle utrolig imponert over bilda han viste frem!

Guttorm «Gutte» Osnes om eit liv med teikning

For Guttorm Osnes har mykje av livet handla om teikning. 

Han har kjære minne om teikning med bestefaren, Petter Ludvig, var så flink til å teikne hestar.  Guttorm sjølv streva med å få til hovane. Han hadde ikkje tolmod, likte best strekteikningane, og ikkje minst likte han merksemda teikninga førte med seg.  

Teikninga har gitt meg mange store opplevingar, seier Guttorm. På barneskulen teikna han seg gjennom dei fleste timane. Han byrja å teikne for Vikebladet, og selde si første teikning til Teateret Vårt. 

Det lokale førebiletet hans var Einar Magne Flø, som ga han følgjande råd: - Teikn alt du kan, men det er vanskeleg å leve av det. Dette vart også Guttorm si erfaring. Sjølv om oppdraga kom; fane for Ten-Sing, strekteikningar til 17.mai-avisa, teiknejobb i Vikebladet, og teikneoppdrag i militæret, var det på trykkeriet i Vikebladet han fekk fast jobb. Vegen gjekk så vidare til desken i Se og Hør, der han lærte å teikne lay-out på tynt papir, og brått hadde 15 år gått utan fri teikning. 

Så ein dag fekk han teiknepapir i presang av systera Linn, og då han ramma inn nokre av teikningane, foreslo innehavaren av rammebutikken ei utstilling. Ballen tok til å rulle, og teikninga var igjen ein viktig del av livet hans. 

I 2009 flytta Guttorm tilbake til Ulsteinvik, og fekk i oppdrag av Line Urke å teikne ei side til Regionavisa kvar veke. I tillegg tok han på seg oppdrag. 

Paddene ved Kvivsvegen som hadde fått eigen tunnell vart foreviga samen med ei Citroën-padde, ei teikning som både Statens Vegvesen og Norsk Citroën-klubb ønskte seg. Han teikna Odd Nordstoga og «grisen står og hyler», og Vamp på utekonsert på Flø, alt medan han jobba med deskarbeid i Regionavisa. 

Den store endringa i livet kom då Guttorm kom inn på Florence Academy of Art i Göteborg, der kun 27 elevar fekk praktisk opplæring i klassisk malekunst. Det første året handla utelukkande om blyantteikning, der ein kunne bruke 100 timar på å kopiere teikningar av gipsfigurar. Her trudde Guttorm at han hadde ein fordel sidan han hadde teikna så mykje før, men opplevde at han måtte lære alt på nytt. Neste år teikna dei med kolstift på mjukt papir, og først tredje fekk dei prøve seg med penslar og oljemaling. Dette året valte Guttorm å ta ved avdelinga i Firenze, og her vart han kunstnar med diplom. 

Han syntest det var trist at dei tre åra på kunstskulen tok slutt, men malarkunsten vil han aldri legge vekk, og han lever no av biletkunsten. 

Rundt 20 bilete sel han kvart år, både portrett, landskap og stilleben, og har no eit mål om å samle alle dei 25 norske som har gått på Florence Academy til fellesutstillinga «Norske Firenzekunstnarar». 

Ein kort diskusjon kring det evige spørsmålet «Kva er god kunst» avslutta Guttorm si vitjing i Ulstein Rotaryklubb, og også her har Guttorm gode refleksjonar. «Det store spørsmålet er kva slags kunstnar du ønskjer å vere. Eg har valt å gå inn i ein skule der ein lærer å male på same måten ein lærte å male på tidleg på 1900 talet. Eg meiner at klassisk malekunst er på veg tilbake.» 

Ulstein Rotaryklubb takkar Guttorm Osnes for ein spanande og lærerik kveld, og ønskjer han til lykke med planlegginga av utstillinga «Norske Firenzekunstnarar». 

President Bjørn Gunnar Tafjord overrakte en velfortjent blomsterhilsen til Guttorm Osnes etter det flotte foredraget

Referat: Lidun Hareide - sekretær

 
Glimt fra kommunalt arkiv Møre & Romsdal

24. april 2023

Glimt fra kommunalt arkiv Møre & Romsdal

Ved Åsta Vadset

Skattemeldingen 2022

17. april 2023

Skattemeldingen 2022

I dag holdt Thor Martin sin årlige gjennomgang av skattemeldingen, og dei siste endringane i skattesystemet og skattenivået.

Torskemiddag og nytt Rotarymedlem

10. mars 2023

Torskemiddag og nytt Rotarymedlem

Vi ønsker Gourmetkokk Willy Solvang hjartelig velkommen til klubben vår.

Hødd i 2023

13. februar 2023

Hødd i 2023

Trenarane Joakim Dragsten og Ørjan Heiberg fortalde om visjonane dei har med Hødd til komande sesong.

Nye Ulsteinvik Barneskule

6. februar 2023

Nye Ulsteinvik Barneskule

Godt oppmøte for foredrag og omvisning holdt av Karen Strand (Rektor).

HAV Hydrogen

30. januar 2023

HAV Hydrogen

Kristian Osnes frå HAV hydrogen heldt foredrag om framtidens moglegheiter rundt hydrogen og nullutslipp i maritim næring.

Bedriftsbesøk - Jets Vacuum

24. januar 2023

Bedriftsbesøk - Jets Vacuum

Anne Holstad og Kim Egil Skeide gav oss et svært interessant innblikk i dagens produksjon og historien bak suksessbedriften Jets Vaccum.

Bedriftsbesøk DIMO

16. januar 2023

Bedriftsbesøk DIMO

Flott foredrag og omvisning i en bedrift i stor vekst!

Kaffimøte

9. januar 2023

Kaffimøte

Arnfinn og Njål orienterte om vårens program. Njål hadde også en 5 minutter om jakt i Austefjordfjella.

Båtbesøk - SMARAGD

12. desember 2022

Båtbesøk - SMARAGD

Lærerik kveld om tråling og snurping av Rederene Kristin Smådal og Torbjørn Hide.

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...