Web Analytics Made Easy - StatCounter

Hvordan fjordkrysningene på E39 kan bli 10 milliarder billigere

Tore Roppen Dagleg Leiar Prodtex holdt et svært engasjert foredrag for 30 tilhørere om automatisert produksjon av stålbruer.

Virtuell produksjonsplanlegging for å straumlinjeforme produksjonen

Prodtex står for «production, technology and excellence», og verksemda  har som mål å gjere alt frå prosjektdesign til ferdig produkt. Det siste året har Roppen jobba med planlegging av brusamband over Bjørnafjorden,som skal erstatte ferjestrekninga Haljem – Sandvikvåg mellom Os og Fitjar. 115 000 tonn stål vil gå med til dette brusambandet, og  dette tilsvarar all kapasitet på stor stålkonstruksjon i Polen i to år.

Saman med designarane ser Roppen på korleis ein kan bygge brusambandet meir effektivt, og så designar Prodtex ein fabrikk som kan produsere konstruksjonane. Ved å bygge på denne måten, vil ein kunne spare ein milliard på den planlagde brukryssinga over Bjørnafjorden.

Prodtex konsentrerer seg om dei mindre og mellomstore bruene. Bruene skal byggast i ein sandwich-konstruksjon, som gjer konstruksjonen sterkare med mindre bruk av stål. Produksjonen er tenkt lagt til Ulstein Verft sitt gamle anlegg på Fiskå. 

Prefabrikkering, samanstilling og overflatehandsaming skal gjerast av robotar inne i hallen, og dei gjer alt dei kan for å unngå menneskelege intervensjonar, som aukar kostnadane og minskar effektiviteten. 

Prodtex planlegg å bygge fire meter bru i  gongen, før dei flyttar brua og bygg fire meter til. Firmaet planlegg å flytte brudelar tre gongar i døgnet. 

Denne produksjonsmåten seier Roppen er «påtvungen» av leverandørane av maskinparken, men dei har rekna på at metoden er lønnsom, og vil gje lågare produksjonskostnad enn om ein kjøper seksjonane i Asia og transporterer dei til Noreg. I tillegg gjev produksjonsmetoden positive miljøfortrinn på innsparing av material, vekt, transport, etc.

Bjørnafjordsambandet er kostnadsrekna til mellom 12 og 15 milliardar kroner, og vil i følgje Statens Vegvesen minske reisetida mellom Bergen og Stavanger frå 4 til 2 timar 

President Bjørn Gunnar Tafjord overrekker blomster til Tore Roppen som takk for et svært interessant foredrag.


Tore Roppen argumenterte for at kanskje det er en semi flytende bro-konstruksjon med strekkstag fra anker på bunn som vil stå igjen som den rette løsningen for Hareid-Sulesund - Men det er pr. i dag ikke er et av konsepta som faktisk blir vurdert. 





Referat v/Lidun Hareide - Sekretær


 
Medlemsmøte i Ulstein Rotaryklubb

13. januar 2025

Medlemsmøte i Ulstein Rotaryklubb

Måndag 13. januar samla Ulstein Rotaryklubb sine engasjerte medlemmar seg til eit triveleg og inspirerande medlemsmøte.

POLARIE TRAGEDIER DEL II

6. januar 2025

POLARIE TRAGEDIER DEL II

Vi hadde gleda av å starte året med eit interessant foredrag av Stig Sandanger Riise, som sette søkelys på ein dramatisk del av polarhistoria

FORMINNE PÅ VÅRE TRAKTER

2. desember 2024

FORMINNE PÅ VÅRE TRAKTER

Under eit engasjerande møte i Ulstein Rotaryklubb heldt arkeolog Arve Eiken Nytun eit lærerikt foredrag om forminne i regionen, frå steinalderen til mellomalderen.

Eit bygg for framtida hos Kongsberg Maritime

18. november 2024

Eit bygg for framtida hos Kongsberg Maritime

Ulstein Rotaryklubb på eksklusiv omvisning: Eit bygg for framtida hos Kongsberg Maritime

Ulstein Rotary kaffimøte den 11-11-2024

11. november 2024

Ulstein Rotary kaffimøte den 11-11-2024

Vi samlast for hyggelig kaffimøte i godt lag der Thor Martin Eidem held informasjon frå styremøtet tidlegare på kvelden

Ulstein kommune med fokus på flyktningarbeid

4. november 2024

Ulstein kommune med fokus på flyktningarbeid

Den 4. november møtte Ulstein Rotaryklubb til eit interessant foredrag på Reiten 22, der Lars Erling Bjåstad var invitert til å fortelje om korleis Ulstein kommune jobbar med flyktningar og integrering

Intercity-møte mellom Hareid, Ulstein og Herøy Rotaryklubber

28. oktober 2024

Intercity-møte mellom Hareid, Ulstein og Herøy Rotaryklubber

Måndag kveld møttest Hareid, Ulstein og Herøy Rotaryklubbar til Intercity-møte på Klubbhuset i Hareid. Frå klokka 18:00 til 20:30 var det eit engasjerande program, der måla for Rotaryåret 2024/2025 vart presentert og diskutert.

DEN INTERNASJONALE POLIODAGEN 24.10.2024

24. oktober 2024

DEN INTERNASJONALE POLIODAGEN 24.10.2024

Vi treng din støtte for å beskytte framtidige generasjonar frå polio. Saman kan vi gjere ein stor forskjell.

Medlemsmøte med ymse orientering

21. oktober 2024

Medlemsmøte med ymse orientering

Kaffemøte med ymse orientering som er verdt å merke seg framover.

AKSJON STRANDRYDDING

20. oktober 2024

AKSJON STRANDRYDDING

Ulstein Rotaryklubb bidrog til strandrydding i Johanfjøra i Garsholhølen søndag 20. oktober!

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...